Franklin Delano Roosevelt () var ein politikar og president i USA. I kortform vert han ofte omtala berre som «FDR». Han er mest kjend for New Deal-programmet og for å ha leia USA gjennom andre verdskrigen. Roosevelt er den einaste presidenten i USA som har vunne fire presidentval.
Han fekk diagnosen polio då han var 39 år. Etter dette kunne han ikkje gå på eiga hand, og måtte mykje bruka rullestol. Roosevelt døydde like før krigen var over. Visepresident Harry S. Truman vart ny president.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Franklin D. Roosevelt Presidential Library and Museum
Kategori:USA-amerikanske presidentar Kategori:Folk frå andre verdskrigen Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Folk frå New York Kategori:Guvernørar i New York Kategori:Folk som har opna OL