«I Am... I Said» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i mars 1971, og gjorde det bra. Han klatra først sakte på listene, men nådde fjerdeplassen i Billboard Hot 100 i mai 1971. Han nådde like høgt i Storbritannia.

«I Am... I Said» tok Diamond fire månadar og skrive. I teksten er songaren dradd mellom to verdenar:

Well, I'm New York City born and raised But nowadays, I'm lost between two shores L.A.'s fine, but it ain't home — New York's home but it ain't mine no more...

Versa startar roleg i lågt stemmeregister, halvt talt og halvt sungen, med ein lett gitar og lette strykarar. I refrenget når songen toppen med kraftigare vokal og i høgare toneleie, horn, tyngre trommer og fleire strykarar, medan songeren er enno meir usikker:

I am, I cried! I am, said I. And I am lost, and I can't even say why...

«I Am... I Said» vart sidan gjeven ut på Diamond-albumet Stones i november 1971. Singel versjonen startar plata, medan ein reprise av songen kjem sist på plata.

Songen har stort sett fått god omtale av musikkpressa og Rolling Stone meinte teksten var glimrande i ei melding frå 1972. Ein omtale av Diamond i The Daily Telegraph i 2008 kalla songen «rasande eksistensiell angst», og Allmusic kalla han «ein lidenskapleg framstilling av opprørte kjensler... veldig i tråd med den personlege songar/låtsrkivar-rørsla på den tida.»

Diamond fekk sin første nominasjon til Grammy Awards for beste mannlege popsong med vokal.

«I Am... I Said» finst i konsertversjonar på Hot August Night (frå 1972) og The Greatest Hits: 1966-1992 (frå 1992), i tillegg til fleire samleplater.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Am...I Said» frå , den 26. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Songar om New York Kategori:Songar om einsemd