Jens Andreas Friis () var ein norsk språkforskar og forfattar.
Friis var fødd i Sogndal i Sogn. Han tok først teologisk embetseksamen. Seinare studerte han samisk språk i Christiania og vidare hos Elias Lönnrot i Finland. Han vart dosent i lappiske språk ved universitetet i Christiania i 1866 og professor i 1874. Friis gjorde studiet av samisk til si livsgjerning. Han utgav mange og grundige verk om samiske språk og mytologi. Attåt skreiv han folkelivs- og reiseskildringar, som vart svært populære. Det mest kjende skjønnlitterære verket hans kom ut under namnet Fra Finnmarken. Skildringer, i 1881. Seinare kom boka i fleire nye opplag, under namnet Lajla, også på nynorsk (1944). Romanen er filmatisert tre gonger. Hans skjønnlittære verk er og omsett til andre språk.
Den langsiktige verknaden av Friis sitt arbeid var det praktiske språkarbeidet hans. Friis-rettskrivinga for nordsamisk vart brukt i den nordsamiske bibelen, og i tidsskriftet Nuorttanaste. Ho er dermed i bruk i religiøs samanheng den dag i dag, trass i at det har komme tre ulike rettskrivingar etter Friis si rettskriving.
Ordboka til Friis var viktig då ho kom, men ho har seinare komme i skuggen av Konrad Nielsen si store ordbok.
J.A. Friis døydde i Kristiania.
Bibliografi Bøker
Sjå også
Nordsamisk ortografi Samisk språkforsking i Noreg
Kjelder Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
Bakgrunnsstoff Friis Etnografiske kart over nordlige Nord-Norge Frå dokumentasjonsprosjektet Lindkjølen, Hans: J. A. Friis og samene, 1983 ISBN 82-7122-000-4 Hansen, Lars Ivar: Friis' etnografiske kart i Ottar, tidsskrift fra Tromsø Museum 3/1998 Om Jens Andreas Friis i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kart Friis, J.A. 1861: Etnografisk kart over Finnmarken Friis, J.A. 1888: Etnografisk kart over Finnmarken
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar av reiseskildringar Kategori:Norske forfattarar av folkelivsskildringar Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Bibelomsetjarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Folk frå Sogndal Kategori:Personar innafor samisk språkforsking