mini|Hausvik med Haus kyrke, i dalen innanfor kan ein sjå Mjelda Mjelde skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket som femna om sørlege delar av Osterøya. Ho var namngjeven etter grenda Mjelda (òg skrive Mjelde) som før hadde eiga kyrkje.
Geografisk område etter gammal inndeling: Mjelde sokn del av Hamre sokn (gardane rundt om Valestrandsvågen) del av Haus sokn (gardane nord for Sørfjorden) del av Gjerstad sokn (gardane sør for Lonelva, Låstad og Kalleklauv) del av Bruvik sokn (gardane nord for Sørfjorden og vest for Midtre Bruvik, gardane ved allmenningen aust for Austravatnet)
Geografisk område etter noverande inndeling: del av Osterøy kommune del av Hamre sokn (gardane rundt om Valestrandsvågen) Haus sokn del av Gjerstad sokn (gardane sør for Lonelva, Låstad og Kalleklauv) del av Bruvik sokn (gardane vest for Midtre Bruvik, Hakanes) del av Vaksdal kommune del av Dale sokn (Blomdal krets unnateke området nærast Veafjorden, det var Mjelde skipreides allmenning.)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Mjelde tinglag oppløyst, områda vart overførte til dei nye tinglaga Haus og Hamre,Arkivverket
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Osterøy kommune Kategori:Vaksdal kommune Kategori:Skipreider