Norum skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.Arkivverket Skipreidet har fått namn av Norafjorden, likesom kyrkja og sokna med same namn.

Ho femna Norum sokn, Kaupanger sokn og delar av Stedje sokn: Gardane på vestsida av Sogndalselvi nord for Stedje, på austsida nord for Hundøla, og dessutan Kjørnes nede ved Sogndalsfjorden.

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1890 vart Norum tinglag oppløyst og lagt til Sogndal tinglag, som deretter var identisk med Sogndal kommune og prestegjeld.Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Sogndal kommune Kategori:Skipreider