Utvær skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.Arkivverket
Geografisk område etter gammal inndeling: Husøy sokn del av Eivindvik sokn (området nord for Sognesjøen og vest for Krakhellesundet, 1859 utskilt som Solund sokn) del av Vilnes sokn (området sør for Buefjorden) del av Øn sokn ( garden Krakken)
Geografisk område etter noverande inndeling: Solund kommune (unnateke øya Losna)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. Når det gjeld Utvær tinglag gjekk det derimot i hi retninga: 1888 vart dei delar av tinglaget som høyrde til Vilnes sokn i Askvoll kommune og Øn sokn i Hyllestad kommune overførte til Solund sokn i Utvær kommune, slik at kommunen fekk same grenser som tinglaget. 1890 vart namnet Utvær skifta til Solund (før 1923 skrive Sulen) på både kommune og tinglag.ArkivverketDis-Norge
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Solund kommune Kategori:Skipreider