Buskerud er eit fylke i Noreg og ein valkrins til stortingsval. Det grensar til Vestfold og Telemark i sør, til Vestland i nordvest, til Innlandet i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Frå 2020 til 31. desember 2023 var Buskerud ein del av Viken fylke. Fylket blir administrert frå Drammen.

Namn Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum, ein statseigedom som lenge husa futane for Buskerud futedømme. Fram til 1919 heitte fylket «Buskeruds amt».

Våpen Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom. Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruvene på Kongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er kvit nykkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

Geografi Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. Om lag 7 % av fylket ligg under 150 moh., medan 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

Klima Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.

I januar er middeltemperatur frå -8 °C til -11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå -30 °C til -35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med -38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

Kommunar Folketala i oversynet under er frå SSB per . Nr.KartNamnAdm.senterFolkemengd Flatevidd km²MålformDistrikt330130px|center|Drammen kommuneDrammennøytralDrammensregionen330330px|center|Kongsberg kommuneKongsbergnøytralKongsberg330530px|center|Ringerike kommuneHønefossbokmålRingeriksregionen331030px|center|Hole kommuneVikbokmålRingeriksregionen331230px|center|Lier kommuneLierbyenbokmålDrammensregionen331430px|center|Øvre Eiker kommuneHokksundbokmålDrammensregionen331630px|center|Modum kommuneVikersundbokmålMidt-Buskerud331830px|center|Krødsherad kommuneNoresundnøytralMidt-Buskerud332030px|center|Flå kommuneFlåbokmålHallingdal332230px|center|Nesbyen kommune20px|Nesbyen kommune NesbyenNesbyenbokmålHallingdal332430px|center|Gol kommuneGolnynorskHallingdal332630px|center|Hemsedal kommuneTrøymnynorskHallingdal332830px|center|Ål kommune20px|Ål kommune ÅlÅlnynorskHallingdal333030px|center|Hol kommuneHolnøytralHallingdal333230px|center|Sigdal kommunePrestfossbokmålMidt-Buskerud333430px|center|Flesberg kommuneLampelandbokmålNumedal333630px|center|Rollag kommuneRollagnøytralNumedal333830px|center|Nore og Uvdal kommuneRødbergnøytralNumedalTotalt30px|center|Buskerud DrammennøytralAustlandet

Samfunn Folkesetnad Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

Språk Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

Politikk Dei 47 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.

Partifordeling etter valet i 2023: Parti: Representantar: Høgre 15 Arbeidarpartiet 10 Framstegspartiet 6 Senterpartiet 5 Industri- og Næringspartiet 2 Miljøpartiet dei grøne 2 Sosialistisk Venstreparti 2 Venstre 2 Kristeleg Folkeparti 1 Pensjonistpartiet 1 Raudt 1

Tore Opdal Hansen (H) er fylkesordførar, medan Lavrans Kierulf (Frp) er fylkesvaraordførar.

Media Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

Samferdsle Vegar Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

Jarnbane Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.

Næringsliv Offentleg administrasjon, tenesteyting og varehandel/overnattings- og serveringsverksemd var dei viktigaste næringane i fylket i 2019. Drammen er ei viktig importhamn for bilar, og handel med og reparasjon av motorvogner er dermed eit stort næringsområde for Buskerud. Buskerud er også eit viktig turistfylke, særleg i vinterhalvåret. Mange turistar vitjar midtre og øvre Hallingdal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fylke i Noreg Kategori:Buskerud fylke Kategori:Nedleggingar i 2020 Kategori:Skipingar i 2024