«The Christmas Song» (ofte med undertittelen «Chestnuts Roasting on an Open Fire» eller den originale undertittelen «Merry Christmas to You») er ein klassisk julelåt skriven i 1944 av Mel Tormé (òg kalla The Velvet Fog) og Bob Wells. Ifølgje Tormé vart songen skriven ein særleg varm sommardag. - "The Christmas Song» (p. 4)

«Eg såg han hadde skrive fire linjer på eit ark», fortalte Tormé. «Dei starta med 'Chestnuts roasting..., Jack Frost nipping..., Yuletide carols..., Folks dressed up like Eskimos.' Bob (Wells, medlåtskrivar) trudde ikkje han skreiv ein songtekst. Han sa han tenkte at han kunne drøyme seg bort i ein vinter, så kunne han kjøle seg ned.» Førti minuttar seinare var songen skriven. «Eg skreiv all musikken og noko av teksten.»

The Nat King Cole Trio spelte først inn songen tidleg i 1946. Etter ønske frå Cole og etter protestar frå selskapet hans Capitol Records, vart songen spelt inn på ny same året med ein liten strykeseksjon. Denne versjonen vart ein massiv hit på både pop- og R&B-lista. Cole spelte igjen inn songen i 1953 med det same arrangementet og eit fullt orkester arrangert og dirigert av Nelson Riddle, og nok ein gong i 1961, i ein stereoversjon med orkesteret dirigert av Ralph Carmichael. Versjonen til Nat King Cole frå 1961 vert generelt rekna som den definitive, og i 2004 vart han kåra til den mest akta julesongen hos kvinner mellom 30 og 49 år gamle,Edison Media Research: What We Learned From Testing Christmas Music in 2004 Henta 22. september 2013 medan den originale versjonen til Cole frå 1946 vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1974.Grammy Hall of Fame Henta 22. september 2013

Nat King Cole-innspelingar Første innspeling: Spelt inn i WMCA Radio Studios i New York City, 14. juni 1946. På etiketten: The King Cole Trio (Nat King Cole, vokal og piano; Oscar Moore, gitar; Johnny Miller, bass). Ikkje gjeven ut før i 1989, då han (ved eit uhell) vart teken med på samleplata Billboard Greatest Christmas Hits (1935–1954) Rhino R1 70637(LP) / R2 70637(CD).

Andre innspeling: Spelt inn i WMCA Radio Studios, New York City, 19. august 1946. På etiketten: The King Cole Trio with String Choir (Nat King Cole, vokal-pianist, Oscar Moore, gitarist; Johnny Miller, bassist; Charlie Grean, dirigent for ein strykekvartett, ein harpespelar og ein trommeslagar). Gjeve ut i november 1946 som Capitol 311 (78rpm).

Tredje innspeling: Spelt inn Capitol Studios, Hollywood, 24. august 1953. Dette var første innspelinga av songen på magnetband. På etiketten: The King Cole Trio with String Choir (Artistar: Nat King Cole, vokal; Nelson Riddle, dirigent) Master #11726, opptak 11. Gjeve ut i november 1953 som den «nye» Capitol 90036(78rpm) / F90036(45rpm) (Capitol gav først ut 90036 i 1950 med den andre innspelinga) . Den korrekte etiketten kom ut 18. oktober 1954 som Capitol 2955(78rpm) / F2955(45rpm). På etiketten: Nat "King" Cole with Orchestra Conducted by Nelson Riddle. Denne innspelinga finst på CDen Cole, Christmas and Kids frå 1990 og forskjellige samleplater.

Fjerde innspelinga: Spelt inn i Capitol Studios, New York City, 30. mars 1961. Denne versjonen, den første spelt inn i stereo, vert mykje spelt på radio kring juletider og er truleg den mest kjende versjonen av songen. På etiketten: Nat King Cole (Nat King Cole, vokal; Charles Grean og Pete Rugolo, orkestrering; Ralph Carmichael, dirigent). Arrangementet er nesten identisk til 1953-versjonen, men vokalen er mykje djupare og meir fokusert. Han vart opphavleg gjeve ut på The Nat King Cole Story.

Mel Tormé-innspelingar Mel Tormé sjølv gjorde fleire innspelingar av songen, mellom anna i 1954 (for konsertalbumet på Coral Records, At the Crescendo), 1961 (for Verve Records, My Kind of Music), 1966 (for ein julesingel på Columbia Records), og i 1992 (for Telarc Records-albumet Christmas Songs).

Eit utval innspelingar «The Christmas Song» har vorte spelt inn av mange artistar innan mange sjangrar, mellom andre: Aaliyah Trace Adkins Christina Aguilera (frå det tredje studioalbumet My Kind of Christmas (2001); 18. plass på Billboard Hot 100 i USA, 22. plass på RPM Top 100-lista i Canada) Clay Aiken Diana Ross Julie Andrews Herb Alpert Thomas Anders India.Arie og Stevie Wonder (vinnar av Grammyprisen for beste popsamarbeid med vokal i 2003) Aska Babyface Francesca Battistelli Tony Bennett Polly Bergen Justin Bieber og Usher (58. plass i USA, 59. plass i Canada) frå Bieber-albumet Under the Mistletoe (2011) Big Bird og The Swedish Chef (A Muppet Family Christmas) Andrea Bocelli og Natalie Cole Michael Bolton Toni Braxton Garth Brooks James Brown Les Brown and his Orchestra (med Doris Day på vokal) Michael Bublé (nådde sjetteplassen på Billboard Adult Contemporary chart i desember 2003.) Kenny Burrell Colbie Caillat (frå julealbumet hennar Christmas in the Sand i 2012) Royce Campbell The Canadian Brass (frå julealbumet A Canadian Brass Christmas i 1985) The Carpenters (frå julealbumet Christmas Portrait i 1978) Cascada (frå julealbumet It's Christmas Time i 2008) Celtic Woman Charice Chicago Christmas Who? (ein SpongeBob-julespesial.) Charlotte Church (Dream a Dream, 2000) Rosemary Clooney Natalie Cole Bing Crosby Sheryl Crow (24. plass på Adult Contemporary-lista) Daffy Duck Danny Davis and the Nashville Brass (1970) Sammy Davis Jr. Doris Day (frå julealbumet The Doris Day Christmas Album i 1964) Gavin DeGraw Celine Dion (frå julealbumet hennar These Are Special Times i 1998) Vanessa Doofenshmirtz (sungen av Olivia Olson på albumet Phineas and Ferb Holiday Favorites) Bob Dylan Gloria Estefan Connie Francis Aretha Franklin Judy Garland, som song songen i ein duett med komponisten Mel Torme, i ein juleepisode av fjernsynsshowet hennar i desember 1963. Robert Goulet Ariana Grande og Elizabeth Gillies Amy Grant (frå julealbumet hennar A Christmas Album i 1983) Cee Lo Green (frå julealbumet Cee Lo's Magic Moment i 2012) Josh Groban (frå julealbumet Noël frå 2008) Vince Guaraldi Trio Hampton String Quartet Eddie Higgins Hollyridge Strings Hootie and the Blowfish Whitney Houston Ramon "RJ" Jacinto (frå julealbumet Pasko Na Naman i 2008) Alan Jackson (from his 2007 Christmas album Let It Be Christmas) The Jackson 5 Joni James (from her 1956 Merry Christmas from Joni). Joni's version alters the lyric «I'm offering this simple phrase, for kids from one to ninety-two" to "... kids from one to ninety-one". Al Jarreau Joe Wynonna Judd Toby Keith Peggy Lee Damien Leith (frå ein avgrensa juleutgåve av albumet Where We Land i 2007) The Lettermen Demi Lovato Lovedrug The Manhattan Transfer (med Tony Bennett) Barry Manilow Aimee Mann (frå albumet One More Drifter in the Snow i 2006) Richard Marx Johnny Mathis Martina McBride Paul McCartney (frå albuma Kisses on the Bottom – Complete Kisses i 2012 og Holidays Rule, gjeven ut som singel og nådde 25. plass på Adult Contemporary-lista.) Reba McEntire Brian McKnight *NSYNC Ricky Nelson (i ein eipsode av The Adventures of Ozzie and Harriet) Aaron Neville New Kids on the Block Des O'Connor (frå ein julereklame for Tesco) Alexander O'Neal Olivia Olson (frå julealbumet Phineas and Ferb: Holiday Favourites i 2010) The Partridge Family (frå julealbumet A Partridge Family Christmas Card i 1971) Les Paul CeCe Peniston (frå julealbumet Merry Arizona II: Desert Stars Shine at Christmas i 1996) Raven-Symoné LeAnn Rimes (på det første julealbumet hennar What a Wonderful World) Smokey Robinson and The Miracles (frå albumet deira Christmas with The Miracles i 1963) Linda Ronstadt (frå julealbumet hennar i 2000, A Merry Little Christmas) Kenny Rogers SWV Diane Schuur (nominert til ein Grammypris for beste kvinnelege jazzvokal i 1990) Neil Sedaka (frå det første julealbumet hans The Miracle of Christmas i 2008) She & Him (frå julealbumet A Very She & Him Christmas i 2011) Jessica Simpson Frank Sinatra (to innspelingar: ein virtuell duett med Nat King Cole, og ein faktisk duett med Bing Crosby) Tom Smith (frå Editors) og Agnes Obel (på albumet Funny Looking Angels i 2011) Rod Stewart (på deluxeutgåva av julealbumet hans Merry Christmas, Baby i 2012) George Strait Barbra Streisand (frå albumet hennar A Christmas Album i 1967) Donna Summer The Supremes (bonusspor på julealbumet frå 1965 Merry Christmas, då det vart kome ut i 1999 med ekstra spor) Kim Taeyeon (frå den sørkoreanske popgruppa Girls' Generation) Take 6 James Taylor Team Rocket (stemma til Rachael Lillis, Eric Stewart og Maddie Blaustein på albumet Pokémon Christmas Bash) The Temptations Mel Tormé, spelte inn songen fire gonger (1954, 1961, 1966 og i 1992) Frankie Valli and the Four Seasons Luther Vandross Andy Williams Stevie Wonder (frå julealbumet Someday at Christmas frå 1967) Dwight Yoakam

Parodiar Tittelen på The Simpsons-episoden «Simpsons Roasting on an Open Fire» er ein parodi på songen. Bob Rivers parodierte songen i 2000 på albumet «Chipmunks Roasting On an Open Fire». Twisted Sister parodierte songen i 2006 på albumet A Twisted Christmas. Ariana Grande og Elizabeth Gillies parodierte songen i 2011. Taylor Schlicht parodierte songen i 2012.

Footnotes Denne artikkelen bygger på «The Christmas Song» frå , den 24. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Mark Evanier on Tormé and «The Christmas Song»

Kategori:USA-amerikanske julesongar Kategori:Songar frå 1946 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1999 Kategori:Singlar frå 2009 Kategori:Singlar frå 2012 Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Nat King Cole-songar Kategori:Amy Grant-songar Kategori:Christina Aguilera-songar Kategori:Toby Keith-songar Kategori:Martina McBride-songar Kategori:Joe Nichols-songar Kategori:George Strait-songar Kategori:Carmen McRae-songar Kategori:Kenny Loggins-songar Kategori:Trisha Yearwood-songar Kategori:Barbra Streisand-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:CeCe Peniston-songar Kategori:The Partridge Family-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Donna Summer-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:James Taylor-songar Kategori:The Temptations-songar Kategori:Mel Tormé-songar Kategori:Luther Vandross-songar Kategori:Dwight Yoakam-songar Kategori:Diana Ross-songar Kategori:Julie Andrews-songar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Stevie Wonder-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Diana Ross-songar Kategori:Justin Bieber-songar Kategori:Usher-songar Kategori:Andrea Bocelli-songar Kategori:Natalie Cole-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Toni Braxton-songar Kategori:Garth Brooks-songar Kategori:James Brown-songar Kategori:Les Brown-songar Kategori:Michael Bublé-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Chicago-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Sammy Davis Jr.-songar Kategori:Doris Day-songar Kategori:Celine Dion-songar Kategori:Gloria Estefan-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Aretha Franklin-songar Kategori:Judy Garland-songar Kategori:Cee Lo Green-songar Kategori:Josh Groban-songar Kategori:Whitney Houston-songar Kategori:Alan Jackson-songar Kategori:The Jackson 5-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:Richard Marx-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:NSYNC-songar Kategori:New Kids on the Block-songar Kategori:LeAnn Rimes-songar Kategori:Smokey Robinson-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Kenny Rogers-songar Kategori:Neil Sedaka-songar Kategori:Jessica Simpson-songar Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Diana Ross-songar