Ingrid Zachariassen Aanestad () er ein norsk forfattar.

Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan skrive tre romanar til. Alle er utgjevne på Forlaget Oktober. Ho har også gjendikta boka Woolgathering av Patti Smith til norsk. Den kom med tittelen Sanka ull på Samlaget i 2013.

Aanestad er opphavleg frå Klepp på Jæren og fekk i 2012 Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend. Ho er busett i Oslo.

Bøker 2006 – I dag er ein fin dag – Roman 2008 – Eg kjem med toget – Roman 2010 – Stormkyss – Roman 2013 – Sol, seier ho – Roman 2016 – Sibylle – Roman 2018 – Kva hender i romanen? – sakprosa, Oktober

Referansar

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Ingrid Z. Aanestad på nettstaden til Forlaget Oktober

Kategori:Folk frå Klepp Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2006 Kategori:Nynorskforfattarar