«No Regrets» er ein song av folk- og bluesartisten Tom Rush. Songen er den siste på albumet hans The Circle Game frå 1968.
Songen har vorte ein standardsong og mange andre har spelt inn denne songen. I tillegg til den enkle versjonen frå 1968, spelte Rush sidan inn ein orkestrert popversjon for Columbia Records med ein skrikande elektrisk gitarsolo for albumet Ladies Love Outlaws i 1974.
The Walker Brothers
The Walker Brothers spelte inn og gav ut «No Regrets» som comeback-singelen deira i 1975, den første sidan «Walking in the Rain» i 1967 og den 11. totalt.
Songen vart nytta som tittelsporet på albumet singelen vart gjeven ut på. Singelversjonen var litt annleis og har med John Walker på harmonivokal, medan albumversjonen har med kordamer som ikkje finst på singelen.
«No Regrets» vart ein stor hitt og låg 12 veker på UK Singles Chart i Storbritannia og nådde sjuandeplassen i februar 1976. Singelen vart den siste store hitten deira. B-sida «Remember Me» var skriven av John Walker under psevdonymet A. Dayam.
Innhald
Andre innspelingar Dirk Blanchart (Luna Twist) Fairport Convention Waylon Jennings Luna Olivia Newton-John Curtis Stigers Midge Ure – nådde niandeplassen på UK singles chart i 1982. Emmylou Harris Ed Bruce Lee Hazlewood McKendree Spring på Live at the Beachland Ballroom (2007) Noeline Donaher
Kjelder Denne artikkelen bygger på «No Regrets (Tom Rush song)» frå , den 1. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Midge Ure-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Fairport Convention-songar Kategori:Waylon Jennings-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:Midge Ure-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Lee Hazlewood-songar