Sola skipreide (norrønt: Sóla skipreiða) var ei av skipreidene på Jæren.

Geografisk område etter gammal inndeling:Arkivverket: Matrikkel 1838 Tjora sokn Håland sokn Sola sokn (vestre delen) ein gard kvar av Soma sokn og Bore sokn.

Geografisk område etter noverande inndeling: Sola kommune omtrent vest for Sola flyplass og Stangaland. Garden Heigre i Sandnes kommune Garden Sveinsvoll i Klepp kommune

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Sola skipreide vart nemnd Sola tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Sola tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta hovudsakleg av det nye Håland tinglag (noverande Sola kommune og Madla bydel).

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Sola Kategori:Historie i Sola Kategori:Geografi i Klepp Kategori:Historie i Klepp Kategori:Geografi i Sandnes Kategori:Historie i Sandnes