Allan Ramsay () var ein skotsk diktar, dramatikar, utgjevar, bibliotekar og parykkmakar frå den skotske opplysingstida.

Ramsay var fødd i Leadhills i Lanarkshire som son av ein gruvestyrar, Robert Ramsay. Faren døydde i 1685, og mora Alice gifta sg opp att med ein lokal landeigar, Andrew Crichton. Ramsay var tidleg oppteken av skotsk folkedikting og historieforteljingar, og skal ha ønska å bli målar, men fekk ikkje løyve til dette av stefaren.

Han blei utdanna som parykkmakar i Edinburgh, og dreiv si eiga forretning frå 1711. 14. desember 1712 gifta han seg med Christian Ross, som var dotter av forfattaren Robert Ross og Elizabeth Archibald. Dei fekk fleire barn. Den eldste sonen, Allan Ramsay, blei ein kjend portrettmålar.

Allan Ramsay byrja skriva dikt som medlem av klubben Easy Club, som han var med på å grunnleggja i 1712. Dette var ein typisk festleg klubb som var vanleg i byar i den skotske opplysingstida. I 1715 blei han utnemnd til klubbdiktar.

På 1720-talet gav Ramsay seg som parykkmakar og byrja i staden som bokseljar. Han selde etterkvart også kunstverk, medaljar, sølv og smykke.

I 1733 kjøpte Ramsay ein eigedom på Castlehill i Edinburgh. Her bygde han Goose Pie House like ved Edinburgh Castle.

Virke

Ramsay skreiv først høvesdikt, men samla også inn eldre låglandsskotsk dikting. I 1716 og 1718 gav han ut Christ's Kirk on the Green, transkribert frå Bannatyne-manuskriptet med eigne tillegg. I 1719 gav han ut Scots Songs og i 1724 første utgåve av The Tea-table Miscellany, ei samling av eigne, samtidige og eldre skotske dikt, og The Ever Green, ei samling skotske dikt skrivne før 1600. I 1725 gav han ut ein pastoral opera, The Gentle Shepherd.

Fables and Tales og A Tale of Three Bonnets frå 1722 var satirar om den nye unionen mellom Skottland og England. Fair Assembly (1723) kritiserte presbyterianarane for haldningane deira til dans.

Gjennom arbeidet sitt søkte Ramsay å dra ei linje mellom dei store diktarane (makar) frå 1400- og 1500-talet til samtidig dikting, og inspirerte seinare store skotske diktarar som Robert Fergusson og Robert Burns. Han kritiserte «lånt staffasje» og «utanlandsk pynt» i diktinga,«imported trimming» og «foreign embroidery in our writings» og oppmuntra til å sjå til den enklare skotske tradisjonen.

Kjelder

Ramsay, Allan (1686-1758), The Burns Encyclopedia, robertburns.org «Biography of Allan Ramsay», poemhunter.com

Denne artikkelen bygger på «Allan Ramsay (poet)» frå , den 5. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff Ramsay, Allan (1686-1758), The Burns Encyclopedia, robertburns.org «Biography of Allan Ramsay», poemhunter.com. Lenkjer til fleire dikt nedst på sida. «The Vision.» Dikt av Ramsay ved spenserians.cath.vt.edu Poems. By Allan Ramsay (1720) Digital utgåve ved Internet Archive (arhchive.org).

Kategori:Skotske diktarar Kategori:Forfattarar frå 1700-talet Kategori:Den skotske opplysingstida