Ove Bernt Trellevik () er ein norsk politikar (H) frå Tofterøy i Sund kommune. Trellevik vart innvald til stortingsrepresentant for Hordaland hausten 2013 på utjamningsmandat.
Ove Trellevik har utdanning som offiser frå Sjøkrigsskolen samt siviløkonom frå Norges Handelshøyskole frå 2000. Trellevik arbeidde stort sett med forpleiing, logistikk og forvaltning i Sjøforsvaret 1985–2000 og i Forsvarets logistikkorganisasjon 2001–2005. I åra 2005–2010 var han tilsett i kraftselskapet BKK AS, der han leidde eit innkjøpssamarbeid mellom kraftselskapa på Vestlandet.Ove Trellevik sin blogg: Om meg
Trellevik meldte seg inn i Høgre i 2007, og blei vald inn i Sund kommunestyre hausten same året. Etter at ordførar Albrigt Sangolt døydde i september 2010, blei Trellevik vald til hans etterfølgjar den 8. november 2010. Hausten 2013 blei Trellevik innvald på Stortinget frå Hordaland.Biografi hjå Stortinget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ove Trellevik» frå , den 10. oktober 2013.
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Ordførarar i Sund Kategori:Høgreordførarar i Hordaland Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Sund