Francesco Zuccarelli () var ein italiensk målar, særleg kjend for sine landskapsmåleri med antikk bakgrunn. Stilmessig høyrer verka hans til rokokkoen.
mini|venstre|Rovet av Europa mini|venstre|Landskap med kvinne og kyr mini|Landskap med Kristi openberring
Liv og gjerning Zuccarelli var fødd i Pitigliano, ein landsby i Toscana. Han var elev av portrettmålaren Giovanni Morandi og deretter Pietro Nelli i Roma. I 1732 slo han seg ned i Venezia, der han for det meste måla religiøse og mytologiske motiv, men etter kvart byrja lage bilete med landskap. Han tok oppdrag fleire stader i Italia, og samarbeidde ofte med andre målar, mellom andre med Bernardo Bellotto. Frå 1747 til -52 arbeidde han for den rike Tassi-familien i Venezia.
Oppfordra av den britiske konsulen i Venezia, reiste Zuccarelli i 1752 til England. Produksjonen hans var heile tida etterspurd, så han vart verande i London til 1762. Etter tre år i Italia tok han på ny opphald i London, der samfunnseliten tok han vel imot og han vart invitert til ymse kunstforeiningar. I 1768 var Zuccarelli mellom dei målarane som frå starten av fekk medlemskap i Royal Academy of Arts. Gjennom sine mange år i England påverka Zuccarelli utviklinga av engelsk landskapsmåling.
År 1771 reiste han tilbake til Venezia, han arbeidde også ei tid i Roma. Landskapsmålaren Zuccarelli hadde ei ei høg stjerne mellom dei som var inspirert av Jean-Jacques Rousseau sine tankar om naturen og naturtilstanden.
Han døydde i Firenze, 86 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Francesco Zuccarelli» frå , den 17. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske målarar Kategori:Rokokkomålarar Kategori:Folk frå Toscana