Ficks diffusjonslover er to grunnleggjande matematiske lover for diffusjon. Dei vart nedskrivne av Adolf Fick i 1855.
Den første lova Den første lova til Fick seier at diffusjonsstraumen J er proporsjonal med konsentrasjonsgradienten for det aktuelle stoffet:
der D er diffusjonskoeffisienten, som er eit makroskopisk mål for korleis tilsvarande atom og molekyl kan røre seg. Minusteiknet syner til at at straumen går mot lågare konsentrasjon. er «diffusjonsfluksen» (stoffmengd per areal og tid). (for ei ideell blanding) er konsentrasjonen. er posisjonen.
Den andre lova Samanhengen mellom konsentrasjonen av det aktuelle stoffet og tida diffusjonen har pågått er gjeven i den andre lova til Fick.
der
er konsentrasjonen. er tida er diffusjonskoeffisienten er posisjonen.
Kjelder Ficks diffusjonslover. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Ficks_diffusjonslover
Bakgrunnsstoff Diffusion fundamentals
Kategori:Diffusjon Kategori:Statistisk mekanikk Kategori:Fysikalsk kjemi Kategori:Matematikk i medisin