Nite Flights er det sjette studioalbumet til den amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Det kom ut i 1978 og inneheld singelen «The Electrician». Albumet vart det siste gruppa gav ut i lag.

Kvar av medlemmane skreiv songar for albumet, to var av Gary Walker, medan Scott Walker og John Walker skreiv fire kvar. Albumet vart spelt inn i februar 1978 i Scorpio Sound i London i Storbritannia. Det fekk positive meldingar, særleg songane til Scott Walker. Albumet kom ut i juli 1978. Det var lenge ute av opplag då det i midten av 1990-åra vart tilgjengeleg på billig-CD. Plateomslaget var designa av Hipgnosis.

Oversyn Nite Flights var det siste albumet trioen gav ut i lag, sjølv om strukturen på albumet, som er delt inn i tre, der kvar av medlemmane har skrive og sunge sine eigne songar, har gjort at både kritikarar og bandmedlemmane sjølv har skildra det som tre små soloalbum enn eit verkeleg gruppealbum.

Albumet er mest kjend for dei fire første songane, alle skrivne og sungne av Scott Walker—dei første originale songane hans sidan soloalbumet hans 'Til The Band Comes In frå 1970. Alle av dei var langt mørkare enn resten av albumet og staka ut retninga som det seinare soloarbeidet hans skulle ta.

«The Electrician» vart gjeven ut som ein singel med «Den Haague» som B-side, men gjekk ikkje inn på salslistene. «Shutout», «Fat Mama Kick», «Nite Flights» og «The Electrician» vart òg gjevne ut som Shutout E.P. i 1981.

I 2001 vart to ekstra spor frå Nite Flights-innspelingane gjevne ut på samlealbumet If You Could Hear Me Now. «The Ballad» skriven av John Walker er ein komplett song, medan den andre, «Tokyo Rimshot», er ein uferdig instrumental skriven av Scott Walker.

Mottaking

Nite Flights fekk middels til positive meldingar av dei fleste kritikarane. Scott Walker-songane har vorte plukka ut av samtlege som langt betre enn Gary og John sine songar.

Innhald

Medverkande The Walker Brothers Scott Walker - vokal, bass, klaverinstrument Gary Leeds - vokal, perkusjon John Walker - vokal

Andre medverkande Ronnie Ross - sopranosaksofon Alan Skidmore - tenorsaksofon Chris Mercer - saksofon Jim Sullivan - rytmegitar Les Davidson - gitar Frank Gibson - trommer Peter Van Hooke - trommer Mo Foster - bass Dill Katz - bass Dave MacRae - klaverinstrument Morris Pert - perkusjon Joy Yates og Katie Kissoon - korvokal Dennis Weinreich - korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nite Flights (album)» frå , den 28. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:The Walker Brothers-album Kategori:GTO Records-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis