Erlend Wiborg () er ein norsk politikar for (Frp). I 2013-2017 er han ein av partiet sine to stortingsrepresentantar frå Østfold. I 2005-2009 var han 2. vara, og 1. vararepresentant i 2009-2013. Han hadde difor ein del ansiennitet ved byrjinga av Stortingsperioden 2013-2017. Wiborg er medlem av arbeids- og sosialkomitéen.Biografi på Stortinget.no
Før han vart innvald, var Wiborg varaordførar i Moss og gruppeleiar på fylkestinget i Østfold. Han blei innvald i bystyret og fylkestinget i 2003 og gjenvald både i 2007 og 2011. Frå 2007 har han også vore Frp sin gruppeleiar i både bystyret og fylkestinget, samt politisk nestformann i Østfold Framstegsparti. Han var ordførarkandidat for Frp i Moss ved vala i 2007 og 2011. Han har tidlegare hatt ei rekkje ungdomspolitiske verv, bl.a. som formann i Østfold FpU (2002–2006) og sentralstyremedlem i FpU (2004–2006).
Skulevalet 2003
Erlend Wiborg, som då gjekk siste året på vidaregåande, blei rikskjend då han blei skulda for å ha halde opp ein plakat med eit bilete av eit esel då ein blind ungdomspolitikar frå Sp talte på ein skuledebatt under skulevalet på Greåker vgs i 2003. Saka blei slått stort opp i riksmedia (Aftenposten, VG og NRK) under valkampen i 2003. Wiborg avviste påstanden, men vedgjekk at han hadde med ein plakat for å «biletleggjera» nokre av synspunkta sine. Han skal ifølgje media også hevda å ha halde opp plakaten medan andre hadde ordet, og at han forsøkte å vera morosam. Senterpartileiar Åslaug Haga gjekk ut og bad om offisiell orsaking frå formannen i Frp, Carl I. Hagen. Ved same høve skal Wiborg ifølgje NRK og Nettavisen ha sagt at dei fleste innvandrarar er kriminelle på ein eller annan måte, noko som skal ha ført til at innvandrarelevar i salen blei lei seg. Wiborg sjølv ville ikkje kommentera dette. Gråt etter skoledebatt. NRK.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erlend Wiborg» frå , den 30. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Profil hjå Østfold Fylkeskommune
Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:FrP-politikarar i Østfold Kategori:Lokalpolitikarar i Moss