Kambastad, også skrive Kambestad, er ein matrikkelgard i Ullensvang kommune i Hardanger på vestsida av Sørfjorden. Garden er nemnd i eit dokument frå 1436. Kambastad ligg nord for Bleie og sør for Nå.
Fylkesveg 550 (Odda-Tørvikbygd) går over garden.
Gardsnamnet vert også brukt som familienamn og vert då skrive «Kambestad». Det er ca. 100 namneberarar.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gardar i Ullensvang