Ei ikkje-newtonsk væske er ei væske der viskositeten er avhengig av skjerhastigheita (flytehastigheita), i motsetnad til forholdet hos newtonske væsker. Medan vatn er ei newtonsk væske med tilnærma same viskositet uavhengig av skjerhastigheita, er til dømes ein smelta plast ei ikkje-newtonsk væske, sidan viskositet er sterkt minkande ved aukande skjerhastigheit.
Sjå òg viskositet reologi
Kjelder Ikke Newtonsk Væske. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/ikke-newtonsk_v%C3%A6ske.
Kategori:Kontinuumsmekanikk Kategori:Væskedynamikk
Kategori:Viskositet Kategori:Polymerar