Olav Holt () er ein norsk fysikar. Han vart vald som første rektoren ved Universitetet i Tromsø (1973–1977).
Holt tok dr.philos. i 1963 og var frå 1969 professor i fysikk ved Universitetet i Tromsø og styrar av Nordlysobservatoriet. Han var direktør for Forskningsstiftelsen ved Universitetet i Tromsø (FORUT) frå 1984 til 1992. I 2018 vart han utnemnd til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet.
Han har særskild arbeidt med fysikken i den øvre atmosfæren og korleis radiobølgjer breier seg i ionosfæren.
Olav Holt er far til forfattaren Anne Holt.
Kjelder «Olav Holt» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Holt Kategori:Rektorar ved Universitetet i Tromsø Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Larvik