Viso (piemontesisk) eller Monviso (italiensk) er ein 3 842 meter over havet høg fjelltopp i Kottialpane i Italia, nær grensa mot Frankrike. Fjellet er det høgste i denne delen av Alpane, og den sørlegaste av fjelltoppane som når 3 500 meter over havet. Kjeldene til elva Po ligg ved foten av Viso.
Sommaren 1861 steig eit klatrelag på fire mann; William Mathews, Frederick Jacomb, Michel Croz og Jean Baptiste Croz, til topps som dei fyrste menneska.
Den romerske forfattaren Vergil nemner Viso i sin versjon av eposet Æneiden.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Viso» frå , den 10. november 2013.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia