Klemet Pedersson Espeset () var ein norsk plassemann og felespelar frå Øn sokn i Hyllestad.
Klemet var fødd på garden Hydalen i Øn sokn. Han gifta seg i 1850 og flytta kring midten av 1850-åra til husmannsplassen Espeset under garden Lone i Fjaler. På denne husmannsplassen, som låg på austsida av Langesjøen, budde han til han var nærmare 80 år. Siste leveåra budde han på sjølve garden Lone Fjaler på fattigkassa sin kostnad.
Klemet Espeset spele på hardingfele i mange bryllaup. Han kunne mange særmerkte slåttar som Arne Bjørndal skreiv ned. Ein av desse slåttane var den særmerkte Styggemannsslåtten, ein variant av Fanitullen.
Kjelder Norsk Allkunnebok. IV, bandet. 1952 Kyrkjebøker for Askvoll og Holmedal
Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Hyllestad Kategori:Folk frå Askvoll