Reidar Svein Sigmond () var ein norsk fysikar. Han arbeidde mellom anna med gassutladingsfysikk, mellom anna utladingar og overslag i høgspenningsanlegg og om korleis lynnedslag går føre seg. Han var ein pioner innanfor praktisk utvikling av høgspenningsbrytarar som nyttar SF6-gass som isolasjonsmiddel.
Sigmond tok utdanning som sivilingeniør ved NTH i 1956 og var dosent her frå 1965 til 1984. Frå 1985 var han professor i teknisk fysikk.
Han viste ved målingar under høgspenningslinjer gjennom det radioaktive området rundt Tsjernobyl-reaktoren at slike kraftlinjer i særs liten grad produserer eller fell ut moglege helseskadelege kjemikaliar frå lufta.
Reidar Sigmond skreiv boka Vakuumteknikk, som kom ut på Tapir forlag i 1979.
Kjelder
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo