Masseiningar er ei måleining som vert nytta for for å avgjere massen til lekamar. I SI-systemet er måleininga for masse kilogram, som er definert som massen av den internasjonale kilogramnormalen. Ein måler som regel massen til ein lekam ved å vege han, anten ved å samanlikne tyngda av lekamen med tyngda av eit eit lodd med kjend masse, eller ved å nytte ei vekt som på førehand er kalibrert ved hjelp av slike lodd. Når ein nyttar ei vekt er det i røynda tyngda og ikkje massen som blir målt, så massekalibreringa er difor berre gyldig for ein særskild stad eller for stader med same tyngdeakselerasjon.
Kjelder Holtebekk, Trygve. (2009, 7. desember). Masseenhet. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/masseenhet.