Leif Justers ærespris, også kjent som Juster-prisen, er ein norsk revypris. Prisen vert delt ut årleg til ein person som har gjort eller gjer ein stor innsats på ei norsk revyscene. Utdelinga skjer den 14. februar, på fødselsdagen til komikaren og skodespelaren Leif Juster. Vinnaren får 10 000 kroner, ei teikning Ulf Aas har laga av Juster, og ein kopi av statuen «Gledessprederen» som er utført av Nina Sundbye og er reist utanfor revyteateret Chat Noir i Oslo.

Det er Leif Justers revyfond som står for utdelinga. Fondet vart oppretta i 1981 med inntektene frå ei festførestilling i høve Justers 70-årsdag, og blei oppretta av dåverande teaterdirektør ved Chat Noir, Dag Frøland.

Saman med Leonardstatuetten er Juster-prisen ei av dei høgaste utmerkingane i norsk revybransje.

Vinnarar

1981: Inger Jacobsen, Arild Haga og Kaare Hegle 1982: Alf Hartmann, Kine Hellebust, Runar Borge og Knut Solberg. 1983: Sølvi Wang, Jens Book-Jensen, Bias Bernhoft og Per Lekang. 1984: Øyvind Blunck, Elisabeth Granneman, Arild Feldborg og Ellen Waaler. 1985: Carsten Byhring og Grethe Kausland 1986: Elsa Lystad og Yngvar Numme 1987: Alfred Næss og Kjell Halvorsen 1988: Wenche Myhre og Hege Schøyen 1989: Rolv Wesenlund og Egil Monn Iversen 1990: Einar Schanke og Dag Vågsås 1991: Harald Heide-Steen jr. 1992: Aud Schønemann 1993: Dag Frøland 1994: Tor Erik Gunstrøm 1995: Bjørn Sand 1996: Andreas Diesen 1997: 1998: Brit Elisabeth Haagensli 1999: 2000: Tom Sterri 2001: Mari Maurstad 2002: Siw Anita Andersen og Brede Bøe 2003: Arve Opsahl 2004: Øivind Johannessen 2005: Frank Robert 2006: Jørg Fr. Ellertsen 2007: Øystein Sunde 2008: Hilde Lyrån 2009: Toralv Maurstad og Wenche Foss 2010: Sturla Berg-Johansen 2011: Inger Lise Rypdal og Ingrid Bjørnov 2012: Ole Paus 2014: Robert Stoltenberg

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Leif Justers ærespris» frå , den 15. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Liste over prisvinnarar hjå Leif Justers Revyfond

Kategori:Skipingar i 1981 Kategori:Teaterprisar Kategori:Norske kulturprisar Kategori:Revyar