Hamarnesgrotta er ei karsthole i Rana kommune. Ho er 2,9 km lang og er fossil (tørrlagt). Grotta vart danna då grunnvasspegelen var minst 250 meter høgare enn i dag.
Dateringar av speleothemer syner at danninga av grotta i hovudsak skjedde for minst 550 000 år sidan, og hovudutforminga skjedde truleg for 1-2 millionar år sidan. Hamarnesgrotten vart oppdaga og delvis utforska på siste halvdelen av 1800-talet, noko ein kan sjå på mange innskrifter med årstal. Geologen Gunnar Horn nytta mellom anna Hamarnesgrottene som utgangspunkt for teorien sin om subglasial speleogenese.
Kjelder Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Hamarnesgrotten. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/Hamarnesgrotten.
Kategori:Grotter i Rana