Lysing (Merluccius merluccius) er ein fisk i lysingfamilien som og vert kalla svartkjeft. Han kan bli opptil 1,40 m lang og vege om lag 17 kg.

Lysing er utbreidd langs norskekysten opp til Nord-Noreg.

Lysingen er ein stimfisk som oppheld seg på 200–500 meters djup, der han lever av annan stimfisk, som brisling, makrell og sild. Lysingen er ein god matfisk, med fast, kvitt kjøt.

Bakgrunnsstoff marinbi.com om lysing

kategori:torskefisk kategori:matfisk