Vingelen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1880 i Tolga kommune i Innlandet.

Det har vore kyrkje i Vingelen sidan mellomalderen, og dagens kyrkje er den tredje i rekkja. Ragnvald Einbu dekorerte kyrkja innvendig i 1926.

På veggen i koret heng ein modell av den førre kyrkja. I Vingelen kirke- og skolemuseum, like attmed kyrkja, er ei rekke gjenstandar frå dei tidlegare kyrkjene stilt ut.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tolga kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Tolga Kategori:Kyrkjer i Nord-Østerdal prosti Kategori:Kulturminne i Tolga Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1880 Kategori:Henrik Nissen