1921 (romartal MCMXXI) var eit normalår i den gregorianske kalenderen som byrja på ein laurdag.

Hendingar

Utlandet mini|Nyheitsfilm frå Nederland i 1921 som viser ungdom i marsj, gymnastikk og folkedans. 26. januar: Stemmerett for kvinner blei innført i Sverige. 3. februar: NSDAP heldt sitt første store massemøte i Zirkus Krone i München. 25. februar: Georgia blei ein sovjetrepublikk. 13. mars: Mongolia erklærte sjølvstende frå Kina. 18. mars: Den polsk-sovjetiske krigen: Sovjetunionen og Polen underskreiv ein fredsavtale i Riga. 7. mai: Sverige avskaffa dødsstraff i fredstid. 24. juni: Folkeforbundet i Genève gav Finland suverenitet over Åland. 1. juli: Offisiell stiftingsdato for Det kinesiske kommunistpartiet. 18. juli: Den første BCG-vaksinasjonen mot tuberkulose blei utført. 29. juli: Adolf Hitler blei formann i NSDAP. August: USA avslutta formelt den første verdskrigen med ein fredsavtale med Tyskland. 6. desember: Den anglo-irske traktaten blei underteikna i London. Traktaten gav grunnlag for avgrensa sjølvstyre for Irland gjennom opprettinga av Den irske fristaten i 1922.

Utan dato Den religiøse leiaren Simon Kimbangu blei arrestert og dømd til livsvarig fengsel i Belgisk Kongo. Grunnlegginga av Det sørafrikanske kommunistpartiet.

mini|Hjerkinn stasjon, ein del av Dovrebanen, i 1921. Noreg 17. september: Opninga av Dovrebanen. Bondepartiet (No: Senterpartiet) stilte for første gong til Stortingsval og overraska med ei oppslutting på heile 15 %.

Fødde

3. januar: Mosse Jørgensen, norsk pedagog 23. januar: Sergio Leone, italiensk regissør 4. februar: Betty Friedan, amerikansk forfattar 25. mars: Mary Douglas, britisk sosialantropolog 16. april: Peter Ustinov, britisk skodespelar 9. mai: Sophie Scholl, tysk nazimotstandar 16. juni: Olav Hodne, norsk misjonær 28. juni: P.V. Narasimha Rao, indisk statsminister 30. juni: Gunvor Hofmo, norsk diktar 30. september: Deborah Kerr, britisk skodespelar 25. november: Ante Marković, jugoslavisk statsminister Stanley Ho, hongkongkinesisk entreprenør

mini|upright|Måleri av Ludwig III av Bayern frå 1918. Døde

8. februar: Colin Archer, norsk båtbyggjar Pjotr Kropotkin, russisk forfattar og anarkist 27. februar: Ferdinand Roll, norsk embetsmann og politikar 4. april: Emma Hjorth, norsk lærar 4. mai: Alfred Hermann Fried, austerriksk forfattar 7. juni: Knut Dale, norsk spelemann 13. juli: Francis Hagerup, norsk statsminister 21. juli: Lars Abrahamsen, norsk jurist og politikar 2. august: Enrico Caruso, italiensk operasanger 16. august: Kong Petar I av Serbia 11. september: Subramanya Bharathi, indisk tamilsk diktar 20. november: Christina Nilsson, svensk songar 28. november: Abdul-Bahá, bahai-leiar 16. desember: Camille Saint-Saëns, fransk komponist