mini|Naturleg kjelde i Pennsylvania der overflatevatn kjem ut og renn over og gjennom steinar og grass. mini|Springkjelde i Rättvik i Sverige. Ei kjelde, ile, olle eller oppkome er ein stad der grunnvatnet kjem fram i dagen. Slikt vatn kjem frå akviferar som opphavleg er vorte tilførte vatn gjennom nedbør. Vatnet renn gjennom porøst materiale og sprekker til det treff eit vasstett leirlag eller fast berggrunn, til dømes ved foten av fjell eller åsar. Kjeldevatn er vorte reinsa for slam og organiske partiklar under ferda gjenom sand- eller gruslager, men kan også innehalda mindre mengder oppløyste mineralar (som jern og kalk).
Springkjelde Ei springkjelde er ei kjelde der vatnet spring opp frå jordoverflata, ofte med stor fart og med høgt trykk. Slike kjelder kan anten vere artesiske brønnar eller geysirar.
Varme og kalde kjelder
Kalde kjelder er vatn som kjem frå djupner på kring 3–15 meter under jordoverflata. Desse djupnene vert ikkje råka av sommarvarme eller vinterkulde, og dette kjeldevatnet har typisk temperaturar på mellom +3° og +10° C.
Varme kjelder eller termer er vatn som kjem frå så store djupner at det er vorte varma opp av jordvarmen. I vulkanske område kan temperaturen i vatnet kome opp til kokepunktet, som i ein geysir.
Mineralkjelder Ei mineralkjelde inneheld vatn med løyste salt frå bergartar det har passert, og vert ofte nytta som mineralvatn. Mange av desse kjeldene, til dømes i Aachen og Bad Ems i Tyskland, Karlovy Vary i Tsjekkia og Vichy i Frankrike, er òg varme. Slike kjelder har vore rekna som heilage, særleg på grunn av dei helsebringande verknadane dei førte med seg, som olavskjelder.
Varme kjelder og minderalkjelder er vorte nytta til terapi, bading og avslapping. Nokre er vorte turistmål og senter for fysioterapi og liknande.
Kjelder
Kategori:Vasskjelder Kategori:Drikkevatn Kategori:Ferskvassøkologi Kategori:Geomorfologi Kategori:Hydrologi Kategori:Underjordiske elvar Kategori:Vassmassar