Antti Eerikki Tyrväinen () var ein finsk skiskyttar frå Ylöjärvi i Birkaland. Han var ein av dei beste skiskyttarane i verda i fyrste halvdelen av 1960-åra, vann tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje i den årlege, internasjonale meisterskapen i skiskyting i tida 1960-65.
Aktiv Tyrväinen vann den olympisk sølvmedaljen i skiskyting under vinter-OL 1960 i Squaw Valley. På 20 km, den einaste skikytingsøvinga i leikane, vart han einast slått av Klas Lestander frå Sverige. Under VM i skiskyting 1962 på finsk heimebane i Tavastehus tok han eit nytt sølv på 20 km, Vladimir Melanjin frå Sovjetunionen vart verdsmeister. Dei same to karane vart nummer ein og to i VM 1963, også då vart det sølv på Tyrväinen. Han tok si tredje og siste VM-medalje, den fyrste i bronse, då Olav Jordet vart verdsmeister på 20 km på norsk heimebane i Elverum, framom Sovjets Nikolaj Puzanov og Tyrväinen.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Sølvmedalje på 20 km VM i skiskyting 1961 i Umeå: Nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1962 Tavastehus: Sølvmedalje på 20 km VM i skiskyting 1963 Seefeld: Sølvmedalje på 20 km Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Nr 13 på 20 km VM i skiskyting 1965 på Elverum: Bronsemedalje på 20 km VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen: Nr 5 i stafett
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1964