Reidar Kristofer Liaklev () var ein skeiseløpar, fødd og død på Jaren, som i 1948 vart olympisk meister på 5 000 meter og europameister. Året etter vart han norsk meister. Han representerte Brandbu Idrettsforening.

Liaklev fekk sitt gjennombrot i 1947-sesongen då han vart nummer fire i verdsmeisterskapen på skeiser. I OL-sesongen 1948 vann langdistansespesialisten Liaklev OL-gullet på 5 000 meter i St. Moritz. Eit par veker etter vinterleikane vann Liaklev EM-tittelen under europameisterskapen på skeiser på Hamar med over eitt tidspoeng til svensken Göthe Hedlund. Liaklev vart norsk meister i 1949 framom trønderane Sverre Farstad og Hjalmar Andersen. I 1950-sesongen, hans siste, kom han på tredjeplass i noregsmeisterskapen, men vart i europameisterskapen slått einast av Hjalmar Andersen, som på olympiastadion i Helsingfors tok den fyrste av tre strake EM-titlar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Reidar Liaklev» frå , den 2. desember 2013.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Folk frå Gran