Vladimir Petrovitsj Dratsjov () er ein russisk-kviterussisk, tidlegare skiskyttar frå Petrozavodsk, som etter tur representerte høvesvis Sovjetunionen, Russland og frå 2002 Kviterussland. Dratsjov vann fire VM-gull i løpet avtida 1996-2000, to individuelt og ei kvar i stafett og for lag.

Aktiv Dratsjov var nær 28 år gammal då han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under vinterleikane på Lillehammer. Han tapte kampen om bronsemedaljen på 10 km mot landsmannen Sergej Tarasov med 1,5 sekund og vart nummer fire i øvinga. Seinare i olympiaden gjekk han inn til sølv med Russland sitt stafettlag, saman med same Tarasov og med den olympiske meisteren på distansen, Sergej Tsjepikov, samt Valerij Kirijenko. Etter OL på Lillehammer vann han ein sølvmedalje, då under VM i skiskyting 1994 i den såkalla lagøvinga.

VM i skiskyting 1996 vart ein stor suksess for Dratsjov, han vart verdsmeister på 10 km og i 4 x 7,5 km stafett. Etter dei to andre øvingane fekk han sølvmedaljar; på 20 km fann han sin overmann i Sergej Tarasov, medan Kviterussland vann lagøvinga. Dratsjov vann også verdscupen i skiskyting for 1996. I olympiasesongen 1998 fekk han to bronsemedaljar med Russland. Under vinter-OL i Nagano gjekk han på stafettlaget, medan han under VM 1998 i Hochfilzen var ein av dei fire russarane som vann medalje den siste gongen lagøvinga stod på programmet.

Dratsjov skifta statsborgarskap i 2002 og byrja tevle for Kviterussland. I sin fyrste sesong for sitt nye land gjorde han mange gode løp i verdscupen og vart nummer to, etter Ole Einar Bjørndalen, i verdscup-turneringa 2003. Mellom 1994 og 2003 vann Dratsjov totalt 15 enkeltrenn i verdscupen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Nr 4 på 10 km og sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1994 i Canmore: Sølvmedalje i lagøvinga VM i skiskyting 1995 i Antholz: Nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Gullmedalje på 10 km, sølvmedalje på 20 km og gullmedalje i stafett VM i skiskyting 1997 i Osbrlie: Nr 11 på 10 km Vinter-OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1998 i Pokljuka: Gullmedalje på jakstart, bronsemedalje i lagøvinga VM i skiskyting 1999 i Oslo og Kontiolahti: Sølvmedalje i fellesstart og i stafett VM i skiskyting 2000 i Lahti og Oslo: Gullmedalje i stafett, nr 18 på 10 km VM i skiskyting 2003 i Khanty-Mansijsk: Bronsemedalje i stafett, nr 5 på 10 km VM i skiskyting 2004 i Oberhof: Nr 12 på 20 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Uladzimir Drachou, olympedia.org

Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Belarusiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006