Tennessee er ein delstat i søraustlege USA. Hovudstaden er Nashville medan Memphis er den største byen. Namnet «Tennessee», som delstaten deler med Tenessee-elva, kjem frå cherokeenamnet på landsbyen Tanasi.
Tennessee strekker seg frå Appalachane i aust, der delstaten grensar til Nord-Carolina, til Mississippi-elva i vest, der han grensar til Arkansas og Missouri. I nord grensar Tennessee til Kentucky og Virginia og i sør til Alabama, Georgia og Mississippi
Delstaten har vore viktig i utviklinga av amerikansk musikk. Særleg i Appalachane har folkemusikk av skotsk og irsk opphav blomstra. Seinare utvikla country og bluegrass seg frå denne folkemusikken, med Nashville som eit viktig sentrum. Tidleg på 1900-talet var Memphis ein viktig by i utviklinga av blues, og i 1950-åra var det her Elvis Presley bidrog til å blanda blues og country til rock'n'roll.
Kjende personar frå Tennessee W.C. Handy (1873-1958), musikar og komponist Carl Perkins (1932-1998), songar, låtskrivar og musikar Tina Turner (f. 1939), songar, låtskrivar, dansar og skodespelar Dolly Parton (f. 1946), songar og låtskrivar Taylor Swift (f. 1989), songar og låtskrivar Miley Cyrus (f. 1992), songar og skodespelar
Kjelder
«Tennessee» (2011), Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica
Kategori:Delstatar i USA