Kinn kyrkje er ei langkyrkje frå 1956 i Aust-Torpa i Nordre Land kommune i Innlandet fylke.
Det var kyrkje i Aust-Torpa i mellomalderen, truleg ei stavkyrkje vigsla til erkeengelen Mikael. Denne kyrkja vart utvida på 1600- og 1700-talet. Så vart ho riven i 1823, og det var meininga at Åmot kyrkje skulle ta over som kyrkje for heile Torpa. Det skjedde ikkje. I 1890 vart eit klokketårn reist på den gamle gravplassen, og på 1950-talet vart ny kyrkje oppført. Bårehuset på kyrkjegarden er frå 1971.
Kjelder Kinn kirke 50 år, jubileumshefte i PDF-format
Bakgrunnsstoff
Nordre Land kommune
Kategori:Kyrkjer i Nordre Land Kategori:Kyrkjer i Hadeland og Land prosti Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Kulturminne i Nordre Land Kategori:Norske kyrkjer frå 1956