Nøtterøy golfbane er ein golfbane i på Nøtterøy i Færder kommune i Vestfold. Han ligg i Hellaskogen, like ved kommunesenteret Borgheim. Bygginga av banen starta i 2001, og han opna i 2003. Samstundes med opninga blei òg Nøtterøy golfklubb stifta.

Banen har 18 hòl og har par på 72. Den er om lag 6500 meter lang, og har fem teestader. Det er òg ein korthòlsbane med seks hòl, samt ein drivingrange. Banen er teikna av Jeremy Turner, medan arkitekten til klubbhuset er John H. Støre.

Kulturminne På Nøtterøy golfbane er det registrert ti kulturminne frå jernalderen. Av desse er det sju busettings-/aktivitetsområde, eitt veganlegg, eitt gravfelt og éi ryddingsrøys. Alle kulturminna bortsett frå to av busettingsaktivitetsområdene er freda.Kulturminnesøk – Nøtterøy

Referansar

Bakgrunnsstoff Nøtterøy golfbane hjå Nøtterøy golfklubb

Kategori:Golf Kategori:Nøtterøy Kategori:Idrett i Færder Kategori:Kulturminne i Færder Kategori:Skipingar i 2003 Kategori:2003 i Noreg