Taisto Juhani Suutarinen () er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Uunkuniemi. Under VM i skiskyting 1974 vart han verdsmeister i begge dei individuelle øvingane, og vann så i 1975 eit VM-gull med Finlands stafettlag.

Aktiv Suutarinen tok si fyrste internasjonale medalje då Finland vann sølv på 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Sapporo i 1972. To år seinare hadde han fullklaff under VM 1974 i Minsk, der han vart den aller fyrste verdsmeister på 10 km sprint, og attpåtil vart verdsmeister på 20 km. Med stafettkameratane frå Finland tok han VM-sølv, bakom Sovjetunionen. Under VM 1975 i Antholz var han med på det finske stafettlaget som tok gull. I sin siste sesong på toppnivå fekk han si tredje sølvmedalje i stafett i ein internasjonal meisterskap, vinterleikane i Innsbruck i 1976.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen: Nr 5 i stafett Vinter-OL 1968 i Grenoble: Nr 5 i stafett VM i skiskyting 1970 i Östersund: Nr 10 på 20 km Vinter-OL 1972 i Sapporo: Sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1973 i Lake Placid: Nr 6 på 20 km VM i skiskyting 1974 i Minsk: Gullmedalje både på 10 km og 20 km, samt sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1975 i Antholz: Gullmedalje i stafett Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Sølvmedalje i stafett, nr 13 på 20 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1976