Astrolabebreen er ein isbre 6,5 km brei og 16 km lang, som flyt nord-nordaust frå innlandsisen og som endar ved kysten i ei kjend tunge ved austsida av Archipel de Pointe Géologie.(fransk) IGN Map of Pointe Géologie archipelago, Documents, Historic Sites and Monuments. Han vart oppdaga i 1840 av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville, sjølv om det ikkje vart nedteikna nokre brear på kartet til d'Urville over denne kysten.(fransk) Voyage au Pôle sud et dans l'Océanie sur les korvetts «l'Astrolabe» et «la Zélée», exécuté par ordre du Roi pendant les années 1837-1838-1839-1840 sous le commandement de M. J. Dumont-d'Urville, capitaine de vaisseau, Paris, Gide éditeur, 1842-1846, tome 8, s. 149-152, site of Gallica, BNF. Isbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump i januar 1947. Han vart kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen i 1949–51, og kalla opp etter flaggskipet til d'Urville, «Astrolabe».
Astrolabe bretunge er ein markant bretunge kring 4,5 km brei og 6,5 km lang som strekkjer seg nordaust frå Astrolabebreen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Astrolabe Glacier» frå , den 13. desember 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isbrear i Adélie Land