mini|Pisanello: Johannes VIII Palaiologos, medalje frå 1438
Johannes VIII Palaiologos (gresk: Ίωάννης Η' Παλαιολόγος, Iōannēs VIII Palaiologos), () var den nest siste keisaren i det bysantinske riket. Han regjerte frn 1425 til 1448.
Johannes, som var fødd og døydde i Konstantinopel, tok over som romersk keisar då faren, Manuel II Palaiologos, døydde. Regjeringstida til Johannes vart sterkt prega av den akutte trusselen frå tyrkarane. For å få hjelp mot dei overmektige tyrkarane reiste han i 1439 til kyrkjemøtet i Firenze; Ferrara-Firenze-konsiliet. Der skreiv han under på ein union mellom den gresk-ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja. Heime i Bysants vekte unionsavtalen einast protestar og splitting. Osmanarane utvida velde sitt meir og meir, så då Johannes døydde var det einast restar att av det bysantinske riket; Morea, Konstantinopel med omland, samt spreidde stader i Grekenland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johannes VIII Palaiologos» frå , den 15. desember 2013.
Kategori:Austromerske keisarar Kategori:Fødde i 1392