Franz Klammer () er ein austerriksk tidlegare skirennar frå bygda Mooswald i Kärnten. Han vart olympisk meister i utfor under OL 1976 i Innsbruck. To år tidlegare tok han sølv i same øvinga under VM i St. Moritz, samt gull i kombinasjonen.

Heile fem sesongar vann Klammer pokalen som vinnar av utfor-delen av verdscupen i alpine greiner. Perioden 1975-78 vann han fire år på rad, og tok sin femte og siste utforpokal i 1983. Ingen utforrennar har klart å kopiere denne bragda. Klammer vann i alt 26 renn i verdscupen i alpint, alle i utfor, unnateke ein kombinasjonssiger. Den fyrste verdscupsigeren kom i desember 1973 i Schladming, den siste i Kitzbühel 10 år og ein månad seinare.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Franz Klammer» frå , den 15. desember 2013.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984