mini|Mofett i Soos i Tsjekkia. mini|Mofett i Laacher See i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Mofett er ei gassutstrøyming frå hol eller sprekker i jorda i samband med vulkansk aktivitet. Gassen består hovudsakleg av karbondioksid og temperaturen er låg. Karbondioksidet er tyngre enn luft og vil samle seg i dalsøkk og fordjupningar i terrenget. Då gassen er fargelaus og utan lukt og smak, kan mofetter vere reine dødsfeller for menneske og dyr, som i Hundegrotta ved Napoli.

Sjå òg Fumarole

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vulkanologi Kategori:Italienske ord og uttrykk