Thomas Nicolay Fearnley () var ein norsk skipsreiar, industribyggjar og kapitalist. Han var kjend for sine store pengegåver til norsk idrett, kunst og vitskap.
Liv og gjerning Fearnley var fødd i Amsterdam. Faren, kunstmålaren Thomas Fearnley, døydde før sonen fylte fyrste året, familien flytta då til Christiania. Fearnley studerte i Leipzig og arbeidde ei tid i London. Frå 1869 dreiv han eige firma i Noreg, eit firma som satsa på skipsmekling og reiarverksemd. Firmaet Fearnley & Eger var frå kringom 1880 pionerar i då norsk skipsfart byrja overgangen frå segl- til dampfartøy. Frå 1881 dreiv firmaet ei fast linje mellom Noreg og Frankrike. Då fyrste verdskrigen braut ut i 1914 hadde firmaet 12 skip. I samarbeid med Wilh. Wilhelmsen starta Fearnley & Eger opp Den norske Afrika- og Australia Linje og Brydes Mexico Gulf Linje. Fearnley trekte seg frå reiarlaget i 1921 og overlet styringa til eldste sonen, Thomas Fearnley.
Fearnley deltok også i norsk industribygging. Han var både medlem og formann i styret for Orkla. I 1904 var han med på etableringa av Meraker Brug, og i 1916 heimkjøpet av Hafslund.
I 1877 var Fearnley melom stiftarane av Christiania Skiklub, eit lag han var formann for i tida 1885–1910. Han oppretta i 1919 Hoffjegermester Fearnleys fond for norsk idrett.
Fearnley vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1894, vart kommandør av 2. klasse i 1901 og kommandør av 1. klasse i 1919. Han var også kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen og kommandør av Vasaordenen. Fearnley var kommandør av den tyske Zähringerløvens orden og eigar av ein britisk kroningsmedalje.
Han døydde i Oslo i 1927 og er gravlagd på Vår Frelsers gravlund.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas Nicolay Fearnley» frå , den 18. desember 2013.
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Vasaordenen Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Fearnley-familien