Andreas Stjernen () er ein norsk skihoppar som er medlem av Sprova Idrettslag. Han har i åra 2009-13 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap. Hans beste plassering eit verdscuprenn er ein andreplass i skiflygingsbakken i Oberstdorf i 2013-sesongen.
Hroar Stjernen er far hans.
Aktiv Stjernen tok sølvmedaljen i NM normalbakke på Raufoss i 2009, 3,5 poeng bakom Roar Ljøkelsøy, men framom Anders Bardal. Stjernen debuterte i verdscupen med 19. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Gjennom dei neste sesongane sleit han med å hevde seg i verdscuprenn, ein åttandeplass i Sapporo var hans beste plassering i verdscupen før 2013-sesongen.
Den 26. januar 2013 kom STjernen på fjerdeplass i skiflygingsrennet i Vikersund, etter eit hopp på 232,5 meter, ny personleg rekord. Han kopierte plasseringa i skiflygingsbakken i Harrachov, før han, den 16. februar 2013, vart nummer to i Oberstdorf, også det eit skiflygingsrenn. I ei rekordjamn tevling var han med 409,5 poeng 0,3 poeng bakom tyske Richard Freitag, og 0,5 poeng føre austerrikaren Gregor Schlierenzauer.
Stjernen deltok for Noreg i ski-VM 2013 både i normalbakken, storbakken og i lagtevlinga, der han høvesvis vart nummer 13, 18 og kom på fjerdeplass med det norske laget.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 2009: Sølvmedalje i normalbakken på Raufoss 2010: Bronsemedalje i normalbakken i Vikersund 2011: Nr 4 i storbakken i Oslo 2012: Nr 7 i normalbakken på Voss 2013: Bronsemedalje i normalbakken på Rena
Kjelder
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Folk frå Steinkjer