Challengerbreen er ein isbre på nordsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Han ligg kring 2 km aust for Baudissinbreen og er 1,5 km brei. Breen munnar ut på austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point. Aust for Challengerbreen ligg Downesbreen, som endar ' i Mechanics Bay, mellom Saddle Point og Cape Bidlingmaier. Vest for Challengerbreen ligg Baudissinbreen, som endar på vestsida av Corinthian Bay, nær Sealers Cove.
Isbreen vart truleg først kartlagt av Gauss-ekspedisjonen under Erich von Drygalski i 1901–03, som teikna han ned som ein enkelt stor isbre som flaut ut i Corinthian Bay. I 1948 fann Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) ut at det var meir enn ein isbre i Corinthian Bay og ANARE nytta namnet Challengerbreen om den austlegaste av desse breane til minne om den britiske Challenger-ekspedisjonen, 1873–76.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Challenger Glacier» frå , den 28. desember 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Klikk her for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane Australian Antarctic Division Australian Antarctic Gazetteer Composite Gazetteer of Antarctica Australian Antarctic Names and Medals Committee (AANMC) US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS) Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR)
Kategori:Isbrear på Heard- og McDonaldøyane