Tranby kyrkje er ei langkyrkje frå 1855 i Lier kommune i Buskerud fylke.

Det har vore kyrkje på Tranby sidan mellomalderen. Dagens kyrkje vart oppført få år etter at kommunen tok over gamlekyrkja i 1842. Kyrkja vart endra noko i 1949–50 etter planar av Ragnar Nilsen, og interiørfargane er frå 1950-åra.

Aust for kyrkja står eit gravkapell frå 1913 (restaurert 1967), og kyrkjegarden har enkelte gravminne tilbake til 1700-talet.

Litteratur

Bakgrunnsstoff Jubileumshefte 2005 Tranby kirke i «Norges kirker» Lier kyrkjelige fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Lier Kategori:Kyrkjer i Drammen prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Lier Kategori:1855 i Noreg