Regresjon syner i geologi til tilbaketrekking av havet frå landområde. Tilbaketrekkinga kjem av landheving eller havnivåsenking, som under istider. Det motsette vert kalla transgresjon

Ein finn spor etter regresjonar og transgresjonar i fossila, og desse svingingane trur ein har skapt (eller medverka til) fleire masseutryddingar, mellom anna perm-trias-hendinga for 250 millionar år sidan og krit-paleogen-hendinga for 66 millionar år sidan. Under perm-trias-hendinga fall det globale havnivået med 250 meter.Courtillot, Vincent. Evolutionary Catastrophes: The Science of Mass Extinction. Cambridge, Cambridge University Press, 1999; p. 89. Då isen under den siste istida var på sitt mest utstrekte for kring 18 000 år sidan, var det globale havnivået 120 til 130 meter lågare enn i dag.

Ikkje alle regresjonar er knytte til istider, og ein har ikkje ei klår forståing av korleis fleire av dei store regresjonane har skjedd. I følgje ein hypotese kan det kome av at havbotnspreiinga har sakka av, slik at det generelle havnivået fall då midthavsryggane tok opp mindre plass i havet.Courtillot, s. 141.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marine regression» frå , den 30. desember 2013. oppgav desse kjeldene:

Regresjon: geologi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/regresjon%2Fgeologi.

Kategori:Sedimentologi Kategori:Platetektonikk Kategori:Masseutryddingar Kategori:Paleontologi