René Cattarinussi () er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Tolmezzo i provinsen Udine. Han vann to VM-sølv og to VM-bronsar på 10 km i tida 1996-2001.

Aktiv Cattarinussi fekk sitt gjennombrot då han overraskande tok bronsemedaljen på 10 km under VM 1996 i Ruhpolding. Året etter, under VM 1997 i Osrblie tok han sølv på same distansen, og bronse på stafetten. På 10-kilometeren syrgde han for italiensk dobbeltsiger, då landsmannen Wilfried Pallhuber tok ein suveren siger. Sidan tok Cattarinussi ein ny bronse- og ein ny sølvmedalje på sprintdistansen over 10 km, under høvesvis 2000 og 2001.

Cattarinussi, som var spesialist på 10-kilometeren, fekk åtte av sine elleve pallplasseringar i verdscupen i skiskyting på den distansen. To gongar vann han verdscuprenn; ein 10 km i Antholz i 1999 og ein 15 km fellesstart i Khanty-Mansijsk i mars 2000.

Han la opp som skiskyttar i 2003.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Bronsemedalje på 10 km VM i skiskyting 1997 i Osrblie: Sølvmedalje på 10 km, bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1999 i Oslo: Nr 8 på 20 km VM i skiskyting 2000 i Oslo: Bronsemedalje på 10 km VM i skiskyting 2001 i Pokljuka: Sølvmedalje på 10 km VM i skiskyting 2003 i Khanty-Mansijsk: Nr 7 på 20 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske skiskyttarar Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Folk frå Tolmezzo