Tomilinbreen er ein isbre som er over 28 km lang, og som drenerer nord frå Pope Mountain sentralt i Wilson Hills. Han munnar ut i sjøen aust for Goodman Hills og Cape Kinsey, og dannar ei stor bretunge. Isbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1947, og av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958. Han vart namngjeven av sistnemnde etter den sovjetiske polarflygaren Mikhail N. Tomilin (1908–52), som forsvann i Arktis.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Oates Land