Publicationsisen er ein isbrem som er kring 60 km lang på sørkysten av Prydzbukta, mellom Caroline Mikkelsen-fjellet og Stornes. Fleire isbrear gjev is til isbremen, frå sørvest til nordaust er desse Polar Times-breen, Il Polo-breen, Polarforschungbreen, Polar Record-breen og Polarårbokenbreen. Isen vart først kartlagt frå flyfoto under Thorshavn-ekspedisjonane i 1936-37. Namnet «Publication bretunge» vart nytta av John H. Roscoe i 1952 etter han studerte isen frå Operasjon Highjump (1946-47) sine flyfoto av området, men omgrepet isbrem er meir skildrande. Det fekk dette namnet av Roscoe fordi the fleire isbrear i området er kalla opp etter polare publikasjonar.

Kjelder

Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Geografi i Princess Elizabeth Land