Vennesla gamle kyrkje er ei langkyrkje i Vennesla kommune i Agder. Kyrkja vart rapportert ferdig i oktober 1829, men vart ikkje innvigd før 22. august året etter.
Skipet og koret er av stein, medan sakristiet i aust og vesttårnet med sidebygg er av tre. Kyrkja avløyste ei kirke frå første halvdel av 1600-talet. Tårnet vart gjort høgre i 1886, og interiøret vart restaurert i 1925.
Vennesla kyrkje var prostikyrkje i Otredal prosti før ho vart avløyst av ei ny kyrkje oppført like ved sida.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja og på den andre sida av fylkesveg 405.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vennesla kyrkje» frå , den 4. januar 2014.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Vennesla kommune
Kategori:Kyrkjer i Vennesla Kategori:Kyrkjer i Otredal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1830 Kategori:Kulturminne i Vennesla Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme